lørdag 16. juni 2012

UT PÅ TUR ALLTID SUR,- I ANNLEISLANDET

Vi er eit merkeleg land på mange måtar. Vi blir ofte kalla for ”annleislandet”, ikkje berre av våre grannar, men òg av land og kontinent langt, langt borte. På mange måtar kan vi vel sei oss samde i den skildringa, både med positivt og negativt forteikn. Mange av desse skildringane gjer oss faktisk stolte, og ein skal ikkje sjå lenge på Dagsrevyen ein kveldsstund, før ein forstår at vi faktisk har det ganske bra her oppe i nord. Vi lever etter flotte demokratiske prinsipp, med grunnlov og tryggje menneskerettar i botn. Og dette gjev oss sjølvsagt fridom og mogligheiter til utvikling.

Kanskje på tide å ta i eit tak. Vegar og infrastruktur rotnar på rot mange stader. 

Men viss vi stoggar og dvelar ved ordet utvikling, er det mogeleg noko som strekar i vår elles så velfungerande stat. For korleis går det eigentleg med utvikling av infrastruktur og kommunikasjon her heime på berget? Vel, la oss ta ein kort oppramsing:
 
Fly: Noregs hovudflyplass, Gardermoen, er for liten berre ti-femten år etter opninga. Det same gjeld for Flesland, kor kapasiteten for lengst er sprengd, og rullebane nr. 2 står øvst på ynskjelista.
Jernbane: Bergensbana feira 100 års jubileum nyleg. Det seier vel sitt(!). Og det med dei same svillane og spora som rallarane banka ned for meir enn 100 år sidan. Nye signaturtog er kjøpt, men kapasiteten lar seg ikkje nytta fullt ut grunna gamle skinnegangar, i tillegg til at toglina er truga av snø, stein – og jordskred, dyre-påkøyrslar, usikra overgongar osb. Nordlandsbana endar i Narvik, altså litt nord for midten av Noreg… Debatten om jernbane til Troms har vel gått sidan 50-talet, men nordlendingane har for lengst gjeve opp håpet.
Kollektivtrafikk. I Bergen vart det bygd bybane mellom Bergen og Nesttun som sto klar for ca 3 år sidan. Mange hadde store forhåpningar, som naturleg var, men då bybana stod klar, gjorde utsjånad og fart innbyggjarane smerteleg klar over at dette venteleg kun var ein trikk. Nok ein folkefraktar som skulle kjempa med bilar, bussar, lastebilar og fotgjengarar i et allereie overbelasta overflatenett. Med ein snittfart på ca 40 km/t vart den ikkje konkurransedyktig. Sjølv om bana er full kvar morgon og ettermiddag, skyldast det fyrst og fremst at mange av bussrutane vart lagd ned for å gjere bybana til en ”siger” (til stor forarging hjå fanastrilar som tidligare kunne sitje på bussen). Når det i tillegg vart innrømma hjå ”planleggjarane” at det var ein tabbe og ikkje leggje bybanelina innom byens største arbeidsplass, nemleg Haukeland universitetssjukehus, byrja vi å sjå galskapen. Bybana var altså viktigast for politikarane som eit prestisjeprosjekt med fokus på miljø, og ikkje ein reel praktisk og lønsam folkefraktar kor effektivitet var viktigast. Når denne om nokre år(!) skal forlengjast til Flesland og Åsane blir galskapen komplett. Kor effektivt blir det?
Båttrafikk: Fjordbåtane har for lengst kasta ut dreggane, og det er bra. Vi tek det som eit teikn på at grisgrendte strøk sakte er knytt saman med vegar rundt regionsentra, og mjøl og mjølk fraktast på meir effektive lastebilar. Dog var det slik. No har Regjeringa satt seg som mål at 25% av all godstrafikk på veg skal førast tilbake til sjø. Altså vil dei ta oss 40 år tilbake i tid, og gjere oss treigare, og mindre konkurransedyktige. Dette tek oss vidare til neste folkefrakter…
Alle vil ha bil i dag... Sjølvsagt. Bil gjev fridom.

Nemleg vegtrafikk, på vegar, bruer og tunellar. Ja, for der ligg vi altså 20-25 år bak eksisterande behov mange stader. Og dei fleste av desse stadene er blant dei mest sentrale kva angår verdiskaping og konkurranse, også med utlandet. Stikkorda er ikkje berre olje og gass, men teknologiskaping som til dømes kan gjere oss meir miljøvenlege (!). No skal dieselbileigarane straffast òg. Nok eit døme på dårlege planar. Hadde vi gjort litt ”research” før vi starta denne ”dieselboomen" for ca ti år sidan, hadde vi visst at NoX ikkje er bra for helsa. Som døme kan eg nemne at private dieselbilar er forbode i millionbyen Singapore pga forureining, og har vore det lenge. Vi kunne jo teke nokre telefonar…
 
Kvifor gjer vi aldri noko med eit samferdsleproblem før problema har fått eksistere og utvikle seg i 15-20 år? Kvifor kan det ha seg at heile vårt norske storsamfunn har fått strenge retningsliner om å vere proaktive og førebyggje alt frå sjukdom, kriminalitet, brannar, ulykker, ja til og med lokk på kaffikoppar klarar vi å fikse? Men å forut sjå ein bilkø, ein alt for trong flyplass, eller ein vinter med mykje snø, blir brått rakettforsking. Kor er by –og kommuneplanleggjarane? Kvar er Samferdsledepartementet? Kvar er løyvingane? Og sjølvaste mirakelspørsmålet: Kvar kom desse bompengane frå?
Klisjeen ”verdas rikaste land” er pussig nok ikkje lenger eit argument for å få realisert noko av dette. Land frå utsida ristar på hovuda og trur vi er bankerotte grekarar. Vil vi heller sulte foran brødboksen enn å sprette sparegrisen?


Korleis sikre beredskap på dårlege vegnett?

Her i vest er vi på randen av ei samferdslemessig kollaps. Apati sjåast i augo hjå folk kvar einaste dag i milevise køar, anten dei jobbar i Bergen og bur på Sotra, eller bur i Åsane og jobbar i Bergen. Ein bensintom bil i Fløyfjellstunnellen gjer at alle i Bergen-nord kjem for seint på arbeid(!). Ein trafikkulykke på Bildøy gjer i dag tre øykommunar med meir enn 30.000 menneske, og meir enn 10.000 arbeidstakarar isolerte. Dette er ikkje dommedagsprofetiar, men faktasetningar som kan dokumenterast av alle som bur her, og av alle avisar i landsdelen.

I dag skulle vi sjølvsagt hatt eit ferdigstilt Sotrasamband (eller aller hest for 2 år sidan, då det for alvor begynte å ”klabba” seg til). No skulle vi hatt t-bane (under jorda) mellom Åsane og Flesland, ein via Bergensdalen, og ein via Fyllingsdalen. Samt ein banelineløsing mellom Straume (Sotra) og sentrum. Hadde vi verkeleg vore på gang , ville vi sjølvsagt også rydda terreng og hatt rullebane nr. to open for trafikk på Flesland. Viss du klarar å halde dette scenarioet på netthinna ein augneblink, har du sikkert ingen problem med å sjå at verdiskapinga i regionen hadde vore i et heilt anna gir med alt dette på plass. For vi som køyrer bil veit at 2. gir, ikkje er i nærleiken av 4. og 5. gir. Andre gir er eit akslerasjonsgir. Ikkje eit permanent krabbegir. Med litt visjonar og vyar kunne vi vore på ”motorvegen” no. I staden snakkar vi oss i hel, planlegg, studerar, konsekvensutreier, klagar, behandlar på ny, skiftar lokalstyrar, startar på ny, utvidar planen fordi tida som er gått har gjeve nye behov osb. I mellomtida ”byggjer” vi i staden nye køar og ny frustrasjon.

Vi ser no mot 2021 (tidligast) kva angår ny bruløysing til Sotra. I løpet av dei neste 3-5 åra skal industrigigantane Aker Solutions og FMC auke sine aktivitetar på Sotra. Statoil har investert mykje på Sture, Kollsnes og Ågotnes, og Trollfeltet går nok ikkje lens for gass med det fyrste. Handlesenteret Sartor byggjer på. Det same vil ”bygutane” frå Lie gjere. Altså vil ein ny bruløysing etter alt å døme halde i kanskje 5-10 år før det vert nye køar over Vatlestraumen. Vi kan jo ikkje seie stopp til utvikling. Eller kan vi det, eller bør vi freiste? Eg meinar sjølvsagt ikkje det. Men viss ikkje vi regulerar, fortrinnsvis med økt vegkapasitet, vil dette stogge av seg sjølv, kanskje til og med med eit brak… Visste du til dømes at eksisterande Sotrabru har eit vedlikehaldsetterslep på ca.kr 700.000.000,-? (kjelde: Hordaland vegkontor). Pengar det òg… Vi får håpe den held heilt inn. - Det vert sikkert slitsamt å gå frå trong bru attende til nostalgisk fergjedrift mellom Brattholmen og Bjorøy. Høyrde eg du seie ”kø”?



 
NEDLAGT. Åsnes skifabrikk i Ytre Sunnfjord som bl.a. kjempa mot dårlege vegar i årevis før dei gav tapt.
Kan vi ikkje byggje to bruer då? Ein i nord og ein i syd. Då kan det verta vekstvilkår i 20-30 år utan nye investeringar og køar? Ikkje berre i ein kommune, men i tre. Kva er dyrast? Køar eller bruer?
Dette er ikkje eit innlegg mot fremste stolpe for å fremje bru her eller der, sjølv om eg sjølvsagt er oppteken av verdiskaping, vekst og arbeidsplassar i vår region. Men eg er mildt sagt oppgjeven over kor dårleg vi som ”verdas rikaste nasjon” er til å planleggje infrastruktur, både lokalt og regionalt. Alle blør vi kvar einaste dag som fylgjer av dette. Eg er rimeleg overbevist om at køar over tid kostar oss betydeleg meir enn kva det kostar å byggje ny infrastruktur
Dette handlar heller ikkje om miljøvern. Eg er sjølvsagt for mindre forureining, og føler meg rimeleg trygg på at nye løysingar vil vere miljøvenlege og sikre nye miljøvenlege framkomstmetodar plass. Folk og løysingar må uansett gå i liner og spor, på vegar, over bruer og gjennom tunellar. Miljøvenlege løysningar er ikkje berre dingsar som kan stå på havbotnen, snurre rundt i vinden og produsere straum. Folk må på arbeid kvar dag! Og det er vel ingen som forureinar meir enn bilar i kø…? Miljøargumentet som køyrast for å stogga utbyggjing er derfor ein gigantisk avsporing og gjev i sum eit vesentleg dårligare miljø for kvar time denne krangelen går.

Vi må få fart på vår infrastruktur, viss ikkje, blir vi sitjande fast i 2. gir, og eit av mine favorittordtak  kan bli endra for evig tid: Ut på tur alltid sur…!
Sats på miljøet, bygg infrastruktur, bygg Noreg!      


- Pål

(Denne gong på nynorsk slik at alle skal forstå, - også den nye Samferdsleministeren i dette annleislandet kor vi naturleg nok også heldt liv i to skriftspråk…)

Foto: Pål Samuelsson /General Motors

1 kommentar:

  1. Kva anna kan ein seia enn at vankunna synar seg særs høg hjå politikarana me veljar til å styra utviklinga på samferdslesida. Mogleg me fortenar å ha det slik. Me har jo sjøl vald dei, eller ha me da? Kvifor gjer me ikkje opprør i staden for berre å syta og klage? Leve revolusjonen!

    Helsing Mercedesryttaren

    SvarSlett